Etikk
Dei etiske retningslinjene våre.
Alt vi byggjer skal ta vare på menneske, samfunn, datasuverenitet og demokratiske verdiar, med særleg blikk for distriktskommunane. Desse åtte retningslinjene er korleis vi held oss til det.
Gjeld alle i Aptide og alt vi byggjer
Ansvarleg frå dag éin
Ansvar er ikkje noko vi legg til til slutt. Det formar kvart val vi tek, frå korleis vi handsamar data og personvern til KI-modellane og leverandørane vi arbeider med.
Samfunnsoppdrag og distriktsperspektiv
Teknologien vår skal bidra til betre avgjerder, meir effektiv ressursbruk og høgare kvalitet i offentlege tenester. Vi styrkjer evna distriktskommunane har til langsiktig styring og lokal verdiskaping.
Arbeidsmiljø og integritet
Aptide skal vere ein trygg, inkluderande og respektfull arbeidsplass. Vi opptrer ærleg og ope, og lovar ikkje meir enn vi kan levere.
Datasuverenitet og digital sjølvstende
Data blir lagra og handsama i Europa. KI-modellar og infrastruktur byggjer på europeiske tenester, som gjer offentlege tenester meir robuste og mindre avhengige av andre.
Ansvarleg og forklarbar KI
Svara i Aptide er opne, sporbare og etterprøvbare. Aptide er avgjerdsstøtte, ikkje avgjerdsautomatikk. Menneske har alltid det endelege ansvaret.
Berekraft og ansvarleg leverandørkjede
Vi prioriterer leverandørar som følgjer europeiske krav til datatryggleik, miljø og arbeidsvilkår. Teknologivala våre tek omsyn til energi, klima og ressursbruk.
Personvern og datatryggleik
All datahandsaming følgjer GDPR og norsk lov. Plattforma har innebygd attkjenning av personopplysningar, tilgangsstyring, logging og sporbarheit.
Varsling og kontinuerleg forbetring
Brot på retningslinjene kan varslast utan risiko for negative konsekvensar. Vi går gjennom retningslinjene jamleg, i takt med utviklinga innan ansvarleg KI.
Sei frå om noko
Du kan varsle om brot på desse retningslinjene, eller spørje oss om dei, på contact@aptide.ai.